VIL-kasseraren fyller år i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2016

men Ove er tvilling.
Tvillingbroren er næraste naboen til Dalemyra stadion, og heiter Kai Roger
Skylstad.

Alle gutar som voks opp på
Hole på 1960- og 70-talet var aktive friluftsmenneske. Skylstad-tvillingane var
begge innom idrettar som fotball, handball, langrenn og friidrett.

Eitt av Ove sine
sportslege høgdepunkt kom i 1978, då han vart KM-vinnar i «stille lengde»
(lengdebyks utan tilløp) på Skodje. Bestehoppet hans målte 2,83 meter, står det
å lese i Velledalen IL sin statistikk over laget sine KM-vinnarar.

Både Ove og Kai har teke
sine tørnar med verv i Velledalen IL opp gjennom åra. I fylgje statistikken for
Konradløpet har tvillingane til saman 16 deltakingar der. Talet er sikkert i
røynda høgare, då begge høyrer inn under dei trufaste, og mest pålitelege
funksjonærane. Ove Inge har siste åra hatt tittelen TIDTAKARSJEF – ei særs
viktig oppgåve.

Velledalen IL gratulerer
Ove Inge og Kai Roger med 2 X 56 år – intet jubileum, men eit steg vidare på
livets stige!