Ei glede å kunne hylle ordføraren

    Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2016

    Veit nokon om ordføraren er på «slankaren»……?
      Eigentleg vedkjem det ingen, men det er ein grunn til
    at nettsida til Velledalen IL spør:

    17.mai 2015 heldt Odd
    Jostein 17.mai-tale i Velledalen. Honoraret var skrint. Han fekk ei
    Konradløp-skjorte, for å minne han om at:
      dersom
    han vart ordførar var det nærast hans plikt å
      gjere sitt for å slette Jan Kåre
    Aurdal sin «Ordførar-rekord» i Konradløpet, pålydande 30.52,
      sett i 2003.

    No er ikkje Odd Jostein
    kjend for å dele sine innerste kjensler med Gud og kvar mann. Forresten,
    kanskje med Gud, men ikkje kvar mann. Kva han no tenkjer om dette Konradløpet,
    er ikkje godt å vite. Kanskje ligg det der og gneg som ei mare, og det er faktisk
    berre 90 døgn å gjere det på. Og det var difor vi spurde. Er ordføraren på «slankaren»……betyr
    det kanskje at han tek oppgåva sjølv. Eller han kan overføre den til varaordføraren.
    Ho skal ha sitt å sysle med ho også. Rett nok er ho ti år eldre, men slank og
    veltrena, og attpåtil med Nakken som jentenamn. Kjenner vi Odd rett er
    haldninga:
       det
      viktigaste er at «regimet» tek rekorden.

    Her i Velledalen er vi
    ikkje ottesame for dette. Odd er realist. Han har «ordførarrekordtempoet» inne.
    Kanskje rettare sagt hadde det inne, etter som han noterte tida 31.21 i 2006.
    Mindre enn halvminuttet bak rekorden, men dette var før det «løsna» for alvor i
    politikken. Og han kjenner løypa. I fylgje statistikken har han delteke fem
    gonger tidlegare. Som betyr Konradmedaljen i gull 1.mai 2016. Den vert han
    åleine om. Den har ingen andre ordførarar i heile verda!

    Odd Jostein Drotninghaug
    og Svein Arne Nakken har vore saman om mykje her i verda. Dei vart produserte
    og fødde nær sagt samstundes, gått på skule i lag, og hatt felles
    fritidssyslar. Som det gjekk fram av Svein sitt idrettsminne var begge
    langrennsløparar. Og begge brukte tyngda av fritida si gjennom mange år på VRF.
    Men fotballen vart også det som skilde dei.

    Fotball-fusjonen som
    skulle løfte sykkylvsfotballen mot nye høgder i 2002, fall ikkje i smak hjå
    Gyls-bonden. Han rett og slett trappa ned lokal fotball, og trappa Hødd opp, medan
    Odd Jostein måtte ta «pliktåra» sine – og vel så det – også i den nye klubben.

    Svein Arne og Odd Jostein
    har vore gode menn for nærmiljøet sitt. Også for Velledalen og Velledalen IL.
    Det er ei glede å kunne hylle Odd på 50 års dagen 29.januar.
      Gratulerer og vit
      at vi set pris på ein ordførar som vil utkantane vel ! Og når det
    gjeld Konradløpet: Ta det med knusande ro, mottoet er trass alt:
      Løpet – der farta ikkje er det viktigaste

    Atle