Olav Brunstad har gjort det
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2016
Olav Brunstad er son til
Kirsti og Ludvik Brunstad, og har hus i Velledalen. Feriehus må vi vel kalle
det på noverande tidspunkt.
Medan medlemstalet i
Velledalen IL har stupt i primærområdet siste åra, gror det godt andre stadar.
Fleirtalet av startar i aktiv idrett i VIL, vert utført av medlemar som ikkje
bur i Sykkylven. Så her passar Olav Brunstad godt inn, med noverande base i
Elverum. Han er påmeld til sitt Birkebeinerrenn nummer 22 i mars 2016. Med
alder så vidt i overkant av 60 år passar han perfekt inn hos oss. La vi og
nemne at han er ein godt skulert hjortejeger.
Gjer som Olav Brunstad:
Betal medlemskontingenten din i Velledalen IL før vinterferien, og du er med i
trekninga av ein høgkvalitets hettegenser! Kontonummeret står på frontsida.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024