Viktige dagar for Kristbjørg

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jan 2016

arkivfoto
Vi har før skrive om
Kristbjørg Dale Bolstad og draumen om det store målet; Paralympics i Rio i
Brasil til hausten. Kampen om å kome dit er ikkje over. Nålauget er ikkje
akkurat romsleg, og det finst mange gode skyttarar i Noreg. Men nokre få kjem
gjennom, og ei av dei kan bli Kristbjørg Dale Bolstad.

Dei komande dagane kryssar
vi fingrar og tær for Kristbjørg. Frå 23. til 27. januar skyt ho verdscupstemne
i Dei sameinte Arabiske Emiratane. Ho er ei av seks norske luftrifleskyttarar
som deltek der. Eit sterkt resultat her kan sikre Rio-turen for Kristbjørg.

Uansett resultat vert det
ei eksotisk oppleving, eit snev større enn å skyte på blink like ved
Svartevatnet i Sykkylven eller i kjellaren heime på Brøvoll.