Vinn deg eit Konradkrus i helga !
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2016
Konradløpet 2016 vert løp
nummer 15 med start 05.00 frå Brunstad i
Velledalen. Farta er langt frå det viktigaste i Konradløpet, men det blir
likevel teke tider på kring beste tredjedelen av deltakarane. Alle rangert i
same klasse, men vi kårar likevel ein herre- og ein damevinnar.
Det betyr at vi så langt
har 14 mannlege vinnarar og like mange kvinner. Eit litt pussig samantreff gjer
at tre utøvarar har vunne fire gonger kvar (gjeld begge kjønn).
Vi lurer på kven desse tre
personane er. Du får ikkje alternativ, men litt hjelp på vegen, når vi fortel
at det av opphav dreier seg om ein velledaling, ein frå Tandstad krins og ein
sogning.
Kven er dei tre…..?
Premien går til personen
med best svar. Greier ingen alle tre namna går premien til ein av dei med to
rette – eller èin rett om ingen greier to namn. Svar innan utgangen av sundag
17. januar til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024