To tøffe jenter
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2016
Frå ei god og varm hotellseng i Alta kan vi sjå tilbake på ein vakker, kald og uforgløymeleg skitur over Finnmarksvidda. 30. desember var vi endeleg i gang, og i løpet av den siste veka har lagt bak oss om lag 10 mil på vegen frå Alta til Karasjok.
Allereie første dagen møtte vi på utfordringar, då hadde nemleg korka på Primus-flaska som vi skulle fylle bensin på kilt seg bom fast. Vi frykta at vi måtte leve på godteri resten av turen og at vi måtte bruke vår eigen kroppsvarme til å smelte snø. Men på sjølvaste nyttårsaftan fann vi ei løysing; fakkelboksane som vi tilfeldigvis hadde med oss kunne jo brukast til å koke opp vatn, og ein god time seinere kunne vi nyte eit festmåltid frå REAL turmat.
Temperaturane dei første dagane kan vel seiast å vere ein smule beskjedne for Finnmarksvidda å vere, men den sterke vinden gjorde sitt for å gi oss eit kaldt og rått vêr. På dag nummer fire og seks valde vi å benytte oss av fjellstuer som var opne langs ruta. Her fekk vi varma opp kalde kroppar og tørka både telt, soveposar og klede.
Ettersom dagane gjekk vart det gradvis kaldare og kaldare, men vi klarte å halde varmen i gode soveposar som vi zippa saman. Det verste med å ligge ute er heilt klart å slå opp og ned teltet. Med ein gong vi ikkje er i bevegelse blir fingrar og tær iskalde, og det kan ta mange timar å få varmen i seg att.
Men med det kalde vêret kom også nordlys og klarvêr, og dei to siste dagane gav oss eit heilt spesielt lys som gjorde vidda magisk. Lite kan måle seg med eit slikt syn, og det er akkurat slike eventyrlege augneblink vi hadde drøymt om å få oppleve.
Noko anna som verkeleg har gjort eit stort inntrykk på oss er den siste natta i telt. Då fekk vi bryne oss på ei ekstrem kulde, og sjølv om vi putta flasker med gloheitt vatn ned i soveposane for å halde varmen, så fraus vatnet til is! Planen var eigentleg å sove i teltet i eitt og eit halvt døgn, for så å ta ned teltet rundt midnatt for å rekke bussen frå Karasjok til Alta tidleg om morgonen. Men i ei slik kulde frista det særs lite å kome seg av garde midt på natta, så vi valgte å avslutte turen nokre timar tidlegare og heller ta ei natt til på hotell i Alta.
Då vi kom fram til Karasjok sentrum på ettermiddagen kunne temperaturmålaren på ein bensinstasjon bekrefte at det var skrekkeleg kaldt. Den viste då -36, men hadde vi valgt å ta neste buss slik som planlagt, så hadde vi faktisk fått oppleve å sove i telt i - 42,1 °C!
Det hadde sjølvsagt vore veldig artig å oppleve, men for å vere heilt ærleg var det rikeleg kaldt nok med -36.
Denne turen har verkeleg gitt oss dei opplevingane vi hadde håpa på, og meir enn det. Drage pulk i total stillheit over vidda, meistre teltlivet i bitande kulde, magisk lys og glitrande snøkrystallar, isete hår og augevippar, og sjølvsagt nordlys.
Helsing Emma og Christina Holmberg
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024