Dagens jubilant 3. januar:
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jan 2016
Tunge gratulasjonar til
heimekjær jubilant.
Så har også Roger Malvin
greidd det – i dag er han halvvegs til 100.
På jubileumsdagen bit
austavinden ved barndomsheimen Holen på Hole i Velledalen. Det er snølaust.
Roger ville helst ha snø vintrane han, men akkurat i dag spelar det lita rolle.
Roger sitt liv vert i dag levd i meir urbane strok enn Velledalen.
Det betyr ikkje at
barndomens dal er gløymd. Han er ofte tilbake. Set pris på fjella, folka og
slekta. Folka som i hans barndom «pressa» han til å springe. Dei som alltid var
klare med klokka og lurte på om han kunne ta eit løp. Langt eller kort spela
lita rolle. Roger sprang!
Roger var ein energisk gut
i barndomen. Sant og seie var han ikkje tung å be. Han var alltid klar til eit
løp – klar til nye rekordar. Tidene hans på ulike distansar stod i ei lita
notisbok.
Slik vart interessa for
sport kveikt i guten. I unge år fekk han
to tøffe konkurrentar i Svein Arne Nakken og Odd Jostein Drotninghaug i
Straumgjerde. Denne trioen konkurrerte FOR Velledalen IL, men også MOT
kvarandre. Mest på ski, litt i springing. Gode barndomsminne er mellom anna
skrivne ned i Roger og Svein sine «Idrettsminne», som kan lesast annan stad på
nettsida.
Så vart Roger vaksen.
Vitebegjærleg som han var, var det ikkje å undrast over at han måtte gå skule
og få ei utdanning. Då var ikkje Velledalen staden for han lenger. Han fann
kvinna i livet sitt i Kongsvinger, det vart ekteskap og familie – og travle
jobbar. Ikkje alltid like lett å finne tid til eigne interesser og trening.
Men Roger har vore
uthaldande. Han har liksom aldri slutta. I fleire somrar var «brødreduellen» i
springing mellom Roger og Jens Christian eit av høgdepunkta på Hole. Brør og
godbusar, men likevel prestisje og 100 prosent innsats.
Han har gått Birekebeinerrennet på ski
mange gonger og sprunge Birkebeinerløpet. I ei årrekkje har han ivra sterkt for
at Velledalen IL skulle stille lag i Holmenkollstafetten. I 2013 vart det
røyndom. Roger, med familie, har både frakta pinnen mot eit felles mål og opna
gjestfritt heimen sin for tilreisande ved desse høva.
Nokon alpinist har Roger
aldri vore. Ikkje i stort omfang i alle fall. Eit uhell i alpinbakken kunne i
verste fall stoppa alt av idrett for Roger Malvin. Men ukrut forgår ikkje,
heiter det. Roger krumma nakken og kom tilbake. Sist sommar tok han merkekravet
i Birkebeinerløpet med god margin – om ikkje anna som ei lita helsing til
omverda:
- I`m back again!
Det var tæl i Roger då han
var åtte, ein tæl som sit i kroppen enno!
Vi i Velledalen IL er
stolte av å ha deg som medlem og aktiv utøvar.
GRATULERER MED 50 ÅRS
DAGEN, ROGER !!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024