95 nye likte Velledalen IL facebook i 2015

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2016

Det betyr at fram i
mot tre gonger Velledalen IL sitt
medlemstal liker laget på facebook. Sida vert i hovudsak drifta av Ann-Helen
Hole frå Måløy, med assistanse av Ellen Marie Hole frå Bergen.

Små og store saker vert
omtala. Dette året vart ei sak i særklasse mest likt, elles er det ganske jamt
på topp-5. Lista ser slik ut:


 ·
  

 261 likes + 25 kommentarar
 : «Betre seint enn aldri». Gladsak frå Geiranger der
Elise Stette fekk to Konrad-krus godt over året forseinka.


 ·
  

 89 likes
 :
Sak om Velledalen IL sitt stafettlag som vart nummer 79 av 1698 fullførande lag
i klasse A1 i Holmenkollstafetten.


 ·
  

 65 likes + 2 kommentarar:
  «Debutant med trott på 2.plass». Om Anne Merete
Hjorthol sine 515 turar til Bruna trimpost


 ·
  

 65 likes:

Ekteskapsgratulasjon til paret Monica Hole/Torje Bjørneseth


 ·
  

 61 likes + 6 kommentarar:
  Sak om «Stayer-prisen» til Torild Hole under
Idrettsgallaen 20. desember for fullføring av heilmaraton i Roma i 2015.

Så spørst det kva 2016 vil
bringe. Vert klubbrekorden på 261 likes + 25 kommentarar sletta….? Personleg
har vi vår tvil