Hjartesukk frå Bruna trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2015

Gode turgåarar!

Velledalen IL sin
oppsynsmann ved Bruna trimpost har sendt oss nokre ord. Ord alle turgåarar bør
merke seg. Her er teksten:


 -  Eit
  STORT hjartesukk frå oss som er ute og
tek pulsen på bøkene. Folk
  MÅ byrje
skrive antal turar bak namnet sitt
  KVAR
GONG dei skriv seg inn i boka/bøkene. På Bruna trimpost har det blitt ein
lei tendens at folk ikkje fører opp antal turar. Det medfører mykje
ekstraarbeid for statistikkføringa.

Stoda ved Bruna trimpost onsdag 30. desember klokka
18.00:

125 turar: Inger Riksheim

102 turar: Kjell Olsen

98 turar: Solveig Olsen

51 turar: Anita Mosby Nakken

44 turar: Anne Merete Hjorthol

Vi håper alle merkar seg
oppsynsmannen sine ord. Alle forstår at er det lite trafikk på ein post, er det
lett å telje opp noteringane. Men alle må også ha forståing for at slik er det
ikkje eksempelvis på Bruna trimpost – med tre bøker kvart år (4482 noteringar i
2015), der ingen skriv antal turar, vert det eit himla liv å stable på beina ei
liste over topp-5. Ver greie og hjelp statistikkføraren vår!!