Stas på Elias

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Des 2015

«Årets trimpostspire 2015»
heitte prisen Elias vann.

Her er grunngjevinga:

Kvart år vert det sett opp
ei rangering topp-5 på alle trimpostar. 14 stk i talet. Det betyr at det står
70 namn på desse listene. Det treng ikkje vere 70 ulike namn, då somme går att
fleire gonger. Men uansett; 70 namn står der.

Sesongen 2015 stod Elias Urke Brunstad på
topp-5 i Regndalen. Og han var den einaste under 20 år som greidde det. Difor er
Elias «Årets Trimpostspire 2015» - eigentleg ei sjølvsagt sak.

Hugsar vi ikkje mykje feil
vann broren, Robin, same trimpost i fjor. Kanskje ligg det i genane.

Gratulerer Elias – flott representant
for dei unge!!

PS. Vi reknar med «tenårings-kidsa»
vaknar på gratulasjonssida når saka vert lagt ut på VIL facebook