Idrettsgallaen kåra «Årets Trio»

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2015

Hilde Riksheim Tandstad,
Roger Malvin Hole og Sverre Gunnar Brunstad fekk prisen «Årets Trio» under
Idrettsgallaen. Alle tre har vore sentrale i arbeidet kring VIL-laget i
Holmenkollstafetten to siste åra. Dei har skaffa løparar, ordna overnatting,
henta startnummer, ordna matservering etter løpet og diverse anna.

Kort sagt; utan
prisvinnarane spørst det om det hadde blitt deltaking i stafetten dei to siste
åra for Velledalen IL. Og dei har ikkje berre ordna ut, dei har også vore
sentrale løparar.

Holmenkollstafetten har to
siste åra vore det sportslege høgdepunktet for Velledalen IL som LAG, og blir
det også høgst truleg i 2016.

Under gallaen tok Hilde
Tandstad mot eigen pris, Oda Alette Kjellsbøl Hole tok mot på vegne av far sin
(Roger), medan Sverre Gunnar var fråverande. Difor eit litt amputert bilete.