Framgang for Romjulsmarsjen
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2015
- Det tyder på at
Romjulsmarsjen er på ei oppadgåande kurve, med 14 fleire deltakarar i år
samanlikna med i fjor, skriv trimgruppeleiar Torje Bjørneseth i ei melding til
VIL-Nett.
Og ja, dei to siste åra
har vore temmeleg magre med 69 og 70 deltakarar, når vi veit at det i glansåra
deltok langt over 200. Men framgangen på kring 20 prosent frå dei to siste åra
gir håp.
- Særleg frå
Brunstad og Hole var deltakinga god, skriv trimgruppeleiaren.
Såleis kan det nemnast at
Velledalen IL sine to dyktige mellomdistanseløparar frå slutten av 1940-åra og
starten av 1950-år, Torleiv Hole og Paul Hole var mellom deltakarane. Begge er
no i siste halvdel av 80-åra. Sprekt gjort! Vi nemner at dei yngste var sågar vesentleg
yngre. Men alle monner dreg, og takk for innsatsen til samtlege!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024