Årets Initiativ – prisvinnar Pernille Lervåg
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2015
Det er langt mellom dei «friske
pusta» i Velledalen for tida, men Pernille Lervåg er eit slikt. Fyrste gong
Velledalen IL la merke til henne var under «Opp på Bruna» (no Tomasløpet) for
nokre år sidan. Pernille, av dansk opphav, tok motbakkeløpet på strak arm i
gravid tilstand. Då skjøna vi at det var noko spesielt med dama.
Enno klarare kom dette
fram i dagen hausten 2015. Då tok ho kontakt med Velledalen IL og spurde fint
om ho fekk teste ut ein tanke ho hadde om orientering for born. For små born
som var nybyrjarar i faget. Eit enkelt opplegg i nærmiljøet, og ho trong ikkje
mykje hjelp heller. Berre litt.
Vi miste nesten munn og
mæle. Slike spørsmål var vi ikkje vane med å få. Det tok ikkje lenge før vi var
i gang. Pernille sitt kontaktnett vart informert og frammøtet vart godt. Tre
gonger køyrde Pernille opplegget sitt- to kveldar og ein sundag.
·
14.oktober: 26
deltakarar (onsdag)
·
28. oktober: 22
deltakarar(onsdag – mørkt)
·
1.november: 42
deltakarar (sundag)
·
Deltakarane har
vore i alderen 2-12 år. Mange born utanom laget sitt primærområde har delteke.
Flott!!
Og la vi til slutt nemne.
Pernille har 19.48 i Konradløpet frå 2012. Og ho har delteke på Team
Bøe-trening med barnevogn. Dansk dame med tæl!
Vi takkar Pernille for
initiativet – og vit at vi set uendeleg stor pris på det!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024