Årets VIL-familie 2015
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2015
For å få prisen «Årets
VIL-familie 2015» må medlemskontingenten i laget må vere på plass. Det er
fyrste og viktigaste bod. Elles er det meste ope.
Årets prisvinnar kan i
tillegg skilte med:
·
Utøvande aktiv
idrett sommar som vinter.
·
Administrativ
innsats langt over gjennomsnittet.
·
Ungdommeleg
pågangsmot i rikt mon.
Kort fortalt om prisvinnaren, familien Mosby Nakken:
Svein Arne er primus motor
i Velledalen IL si langrennsgruppe. Han er aktiv skiløpar med flest startar av
utøvarane i Velledalen IL i eksempelvis Birkebeinerrennet, og han er ein pådrivar
på dugnadssida. Heller ikkje sommarstid er han redd for å stille med
startnummer, med deltaking i Konradløpet, Tomasløpet, Nibbeløpet, Koldabakken
Grand Prix, Skåla Opp og fleire andre.
Kona i heimen, Anita, tok 5. plass på Bruna
trimpost med 229 turar. Det heldt til sterk 8. plass med 1603 poeng i
samandraget for sesongen 2015. Ho er elles viktig støttespelar for Svein og
gutane Sivert og Andreas i deira aktivitet. Alltid positiv og hjelpsam, og ein
trufast kakebakar.
Tvillingane har enno ikkje nådd faren sitt
nivå, men det treng ikkje gå lang tid før rollene er bytte. Minikonrad,
Konradløpet, Tomasløpet, Ramstaddalsløpet, Nibbeløpet Mini er nokre av løpa
deira siste året. Dei kvir seg ikkje korkje for å springe bratt eller langt.
Dei var eksempelvis einaste deltakarane frå VIL under friidrettsstemnet på
Ikornnes Idrettspark i haust.
Heile familien deltok i
det nye folkehelsetiltaket «Folk i Farta». Familien Nakken var mellom dei få
som skjøna dette var eit tiltak mynta på ALLE og deltok med HEILE familien.
Svein og Anita (saman med Alf Petter Bøe) er dei viktigaste pådrivarane for
Ramstaddalsløpet. Her er det ikkje lite planleggingsarbeid som må gjerast på
førehand. Anita har siste åra vore fast sjåfør på fylgjebilen.
Konklusjon:
Ingen nådde familien Mosby Nakken ein gong til knea i kampen om å bli «Årets
VIL-familie 2015». Velledalen IL takkar for innsatsen og gratulerer med fortent
pris!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024