Marit inn i varmen hos Team Bøe

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2015

Marit Hole vart kåra til «Årets
VIL-kvinne» i 2014, og plussa like godt på ein ny pris i år. Denne gongen den
nye, og særs høgthengande «Team Bøe-prisen». Utdelar var ingen ringare enn
sportsleg- og åndeleg leiar, Alf Petter Bøe. Kjend som friidrettsleiar i
Velledalen IL og aktiv utøvar for Rindal IL.

Han sa mellom anna at
Marit siste året hadde funne sin posisjon som ein av dei viktigaste i
Velledalen IL sitt administrative arbeid. Med særleg store og tunge oppgåver
under Konradløpet (premie- og kjøkkenansvarleg i 2015) og Førjulsmessa
(Innkjøpssjef).


 -  Elles har Team
Bøe på sine turar merke seg at namnet Marit Hole i aukande grad har dukka opp
på fleire av trimpostane. Slikt tel også i positiv lei, sa Alf Petter, før han
overrekte ei gul og svart Team Bøe-hue, og den siste treningsjakka i Team Bøe
sin splitter nye 2016-kolleksjon.

Tunge gratulasjonar til
Marit med fortent pris – og vit at Velledalen IL set pris på arbeidet ditt!!