Brupillaren Torgeir

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2015

Under Velledalen IL sin «Idrettsgalla»
sist sundag delte leiar i VIL langrenn, Svein Arne Nakken, ut pris til Torgeir
Vikstad. Brubyggjaren Torgeir Vikstad. I haust har nemleg skifolket sluttført
ei ny bru i Ladalen, som ein håper snart kan testast.



 - 




 Det har opp
gjennom åra blitt bygt mange bruer i samband med skiløypene i Ladalen. Bruene
der Torgeir har vore engasjert står, medan mykje av det andre er reist med
flaumvatnet, sa Svein Arne mellom anna.



 - 




 Eg vil legge til
litt, repliserte Torgeir. Viktig å fram at alt har vore godt tilrettelagt med
det vi treng av utstyr og mannskap, så dette har ikkje vore tunge prosjekt å
vere med på.

Vi kan ikkje gjere anna
enn takke for at positive karar som Torgeir Vikstad enno finst. Og vi ser fram
til å teste nyskapningen med ski på beina.

PS: Brua har det tidlegare
vore foto av på VIL-Nett, med dugnadsgjengen på plass!