Turglad familie heidra
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Des 2015
Velledalen IL er glad i
heidre slike som gjer det vesle ekstra. Og det bør sjølvsagt ha eit snev av
fysisk aktivitet over seg. Mange sperra opp augo i sommar då Sunnmørsposten i
ein stor reportasje bretta ut at Hans Olof og døtrene hadde lagt ut på stortur.
For stortur må ein seie
det var når dei var innom alle turisthyttene til Ålesund-Sunnmøre
Turistforening på turen. I kring 14 dagar traska kvartetten i fjellet – i all
slags vêr.
Rykta seier det kan kome
nye overraskingar frå Emma og Christina i nær framtid.
Så følg med på nettsida!
Elles må det nemnast at
Christina gjennomførte det knallharde Hornindal Rundt (Halvt løp) med glans
sist sommar, og at ho stod i bresjen for Slovakia-Konrad, eit løp med
vekstpotensial.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024