Takk til æresmedlem Fridtjof!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Des 2015
arkivfoto
Gjennom nettsida sender vi
stor takk til Fridtjof Drabløs, laget sin eldste æresmedlem, for julehelsinga.
Han er stasjonert på BUAS, naturleg nok i ein alder av 97 år.
Den yngre garde spør seg sikkert; kven er Fridtjof
Drabløs?
Kortversjonen sett med Velledalen IL-auge lyder slik:
I unge år var han aktiv
for Velledalen IL i løp og på ski (langrenn). Ofte var han med på Velledalen IL
sitt lag i stafettar (springing). Han har hatt ei rekkje verv i laget, også
leiar i Hovudstyret. Elles var han ofte engasjert til tidtaking, eller andre
sentrale oppgåver, i samband med arrangement. Under dei to store hopprenna i
Brunstadbakken på 1960-talet, var Fridtjof særs aktiv på arrangementsida. Han
var mellom dei personane som skal ha hovudæra for eit bugnande premiebord.
Gjeve av lokalt næringsliv, og som mellom anna trekte verdsmeister i kombinert,
Arne Larsen, hit. Og i renn nummer to fleire andre landslagshopparar.
Då Velledalen IL passerte 100 år i 2006,
gjekk Fridtjof i bresjen for innsamling av pengar til ein hjartestartar. Den vart
plassert i Velledalen grendahus. Sjølv etter Fridtjof passerte 90 år har han
vore levande interessert i kva vi tuskar med i Velledalen IL. STOR TAKK FOR
JULEHELSINGA, FRIDTJOF !!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024