Trimpostane: Topp-10 har snittalder på 59,1 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Des 2015
Her er topp-10 lista 2015 med alder, poeng og tal på
turar:
1.
Inger Riksheim (58) – 4022 poeng – 572 turar
2.
Ann Merete Hjorthol (50) – 3605 poeng – 515 turar
3.
Solveig Olsen (63) – 3223 poeng – 461 turar
4.
Arnhild Linga (67) – 1944 poeng – 250 turar
5.
Ivar Arne Flo (71) – 1848 poeng – 264 turar
6.
Geir Olav Drabløs (46) – 1761 poeng – 130 turar
7.
Kjell Olsen (64) – 1706 poeng – 244 turar
8.
Anita Mosby Nakken (50) – 1603 poeng – 229 turar
9.
Nils Terje Skylstad (58) – 1498 poeng – 201 turar
10.
Ingrid Brudevoll (64) – 1427 poeng – 317 turar
Som vi ser er Ivar Flo
eldst med sine 71 år, Geir Olav Drabløs yngst med 46.
Snittalderen på topp-10
lista i 2015 er altså 59,1 år. Ein kraftig nedgang frå 2014 då snittalderen var
64,8 år.
Årets topp-10 liste har
seks kvinner og fire menn. I fjor var tilsvarande tal sju kvinner og tre menn.
I 2014 var tre personar
over 70 år inne på lista. Ein vesentleg årsak til nedgangen er at karar som
Elling Hole (74) og Odd-Kåre Fet (73) ikkje kom på lista dette året, noko dei
gjorde i fjor. Dessutan var yngste utøvar på lista i 2014 såpass mykje som 55
år. I år var tre utøvarar under denne alderen, med Geir Olav Drabløs som den
yngste og einaste på 40-talet.
Lurer du på kven som vart
nummer 11….? Vi kan røpe det. Pålitelege kjelder seier det var
Torhild Skogvold med 1422 poeng – fem fattige
poeng bak Ingrid Brudevoll.
Elles er det gledeleg med
god sirkulasjon på lista. Berre fire av topp-10 i 2014, greidde ta seg inn att på
topp-10 i 2015. Dei fire var Inger R, Solveig O, Ivar F og Arnhild L.
Og vi set særs stor pris
på friske nykomarar og «ungdomar» som Ann Merete Hjorthol, Geir Olav Drabløs og
Anita Mosby Nakken.
Totalt er det gjort 16 097 registreringar i 2015.
Det nest beste nokon gong (rekord 17 956 i
2014). Alt i alt ein gild sesong.
Takk
for små og store bidrag!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024