Nærmar seg «Idrettsgalla» - sett av 19. desember

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2015

Arkivfoto
Mange prisar skal delast ut den 19. desember (Velledalen
grendahus klokka 19.00). Somme veit dei får, andre førebels ikkje. Dei som veit
er alle trimpostvinnarane. I år 15 i talet, sidan det vart delt fyrsteplass i
skogsvegen Fet. Vidare vil dei tre beste poengsankarane i samandraget bli
premierte, noko du som lesar veit vi i desse dagar er i ferd med å kunngjere.

Velledalen IL sin «Idrettsgalla» er i hovudsak eit
sosialt arrangement - ope for alle.
Trass namnet kler ein seg ikkje i gallaantrekk. Der vert vist foto på
storskjerm frå idrettsåret 2015, der blir gode kaker og kaffi/brus/saft, gratis
bingo og kanskje andre programinnslag.

Men det viktigaste er utdeling av prisar. Mange prisar
utanom dei faste trimpostprisane. Hittil har vi fått mange forslag. Det er enno
rom for fleire (send til atlehole@online, eller Svein Arne Nakken/Alf Petter
Bøe
 ). Her er nokre av forslaga:


 ·
  
 Årets Trimpostspire


 ·
  
 Årets Utøvar


 ·
  
 Årets VIL-stayer


 ·
  
 Likes-prisen (gjeld VIL facebook)


 ·
  
 Årets VIL-initiativ


 ·
  
 Årets Trio


 ·
  
 Tidleg Kjøkjast-prisen


 ·
  
 Årets Kjappis


 ·
  
 Årets VIL-familie