Førjulsmessa: Årets stand 2015

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2015

Messedebutant Dagfinn Flaathe gav Grethe Helen Tynes kamp til døra om tettelen "Årets stand" 2015
Det var tre personar i
juryen. Kvar av dei gjorde si personlege rangering av dei tre beste «standane».
Det viste seg at kampen om sigeren vart knallhard mellom smykkedesigner Dagfinn
Flaathe og «strikkar» Grethe Helen Tynes.

Ja, det kunne ikkje vore
jamnare enn det blei. Tynes fekk av dei tre rangeringane 1. plass, 1.plass og
2.plass. Flaathe fekk 1. plass, 2. plass og 2.plass.

Det betyr at Grethe Helen
Tynes er sikra deltaking på messa i 2016. Ho vil då kunne ta i mot utmerkinga,
på same måte som Gunvor Stene Søvik no fekk prisen for «Årets stand» i 2014.

Vi gjer merksam på at
dette i høgste grad er ei uhøgtidleg kåring, men som likevel tvillaust har gitt
verdige vinnarar dei to åra ordninga har eksistert.