Håpet om Rio lever

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2015

No har eg vore på min første verdscup og representert Norge.
Turen gikk til Fort Benning i USA, og eg hadde som mål å klare det siste
MQS-kravet for å vere klar til Paralympics. Eg klarte kravet i både ståande og
liggande i Hannover i vår, og måtte ta det ein gong til i ein av øvingane for å
vere klar. Eg hadde også eit ørlite håp om å klare å ta ein kvoteplass til
Norge, som ville gjere det enklare for meg.

Eg har hatt ei utfordrande tid i forkant, med mors sjukdom og
bortgang, så det har vore vanskeleg å samle seg om treninga. Difor reiste eg
eigentleg med ein litt dårleg følelse.

Første øvinga var ståande, og halvveis i serien forstod eg
at eg låg dårleg an, for ting stemte ikkje. Eg tok ei lita pause, og sa til meg
sjølv «ta deg saman kjerring», før eg sette i gang med nytt mot. Etter dette
skaut eg betre, og det enda med ny personleg rekord, og MQS-kravet var i boks!
På lag vart vi nr. 4, 0,1 bak bronse! Eg var den nest beste av dei norske her. Eg var svært nøgd med det, og tenkte at no
kunne eg skyte liggande med lave skuldrer.

Neste øving var 50 m med matchrifla, som eg ikkje har skote
sidan Hannover i april. Det er heller ikkje OL-grein, så har ikkje prioritert
det.

Dette vart ei krevjande øving, med vanskeleg vind- og lys-
forhold, i tillegg til ekstrem varme og
høg luftfuktigheit. Eg enda på 6. plass her, dei to andre norske rett føre, som
nr 4 og 5, men med få deltakerar.

Siste dagen var det 10 m liggande på luft, der eg framleis
har den norske rekorden. Eg var veldig spent, og før vi starta var eg så kvalm
eg ville kaste opp. I starten skaut eg svært dårleg, ingenting stemte, og eg
fekk nærast panikk. Eg kom til å tenkje på kva landslagstrenaren sa på treninga
dagen før, at om ting ikkje stemte, skulle eg gå ut av stilling, og «begynne på
nytt». Etter omlag 27 skot, tok eg sjansen, og gjorde akkurat det. Eg har aldri
gjort det før, og visste faktisk ikkje at eg kunne gjere det! Eg køyrde meg
bak, fram igjen, flytta på fjørstøtta, og fortsette på serien. Da begynte ting
endelig å klaffe, og eg skaut betre og betre! Dei 3 siste seriane var ganske
bra, og eg vart faktisk best av dei norske, på ein for meg, dårleg dag. Eg kan
mykje betre, men med tanke på at dette var første gang eg representerte Norge i
ein verdscup, så måtte eg berre sjå meg nøgd. Men når eg oppdaga at eg var
under 1 poeng bak ein kvoteplass, var det litt tungt å svelga! Lys-forholda i
denne hallen var ikkje dei beste, og der var bitande kaldt (aircondition på
fullt!). Det var mange som skaut mykje dårlegare enn vanleg!

Vi 3 norske jentene i mi klasse, var best i kvar vår
tevling!

Og fordi eg ikkje klarte kvoteplassen, startar no ein hard
kamp med dei 2 jentene i mi klasse som i dag er på landslaget. Både for å kome
med på landslaget, og kome meg på nok konkurransar for å prøve å bevise at eg
er god nok for Paralympics.

Turen til USA måtte eg koste heilt sjølv, så det vart ein
svært dyr tur. No håper eg på at eg kan finne meg sponsorar som kan hjelpe meg
på vegen vidare, for det blir mange og dyre turar dei neste månadane!