Vinterkarusellen i Ålesund i gang

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Nov 2015

Vêret var ikkje spesielt
bra, men deltakinga var fin. 69 løparar vert det meldt om frå Kondis Møre og
Romsdal med valfri distanse, 5 eller 10 km

Sykkylvingar på 5 km:

18. plass herrar: Vidar
Hovden, Adventistkyrkja, 21.56 (på 18-talet i Konradløpet)

12. plass kvinner: Beate
Kristin Høydalsvik, Sykkylven, 29.42

13. plass kvinner: Hilde
Daleng, Sykkylven, 30.16

10 km:

Her vann Olger Pedersen,
Hasundgot IL med tida 37.02. Men gledeleg sterk andreplass totalt til Per Inge
Bjørnestad, Sykkylven SK, på 37.43, og «Bjønnen» vart klassevinnar i 40-44 år.
STERKT!!

Friidrett-leiaren i Velledalen IL heldt ei
snittfart på 4 minutt og eit halvt sekund på kilometeren, noko som gav 40.05 i
sluttid. Brillefin sjuande plass totalt, men nest best i klasse 45-49 år av
utøvaren frå Rindal IL. Strandaren Bjørn Arve Brune vart nummer tolv totalt, og
nummer to i klasse 50-54 år, på 43.39.

Damene:

Kari- Anne Tryggestad
Ryste, tidlegare Konradløp-vinnar frå Sunnylven IL, var raskaste kvinne i
milløpet. Ho brukte 43.54. Ei kvass tid av ei dame i klasse 45-49. Vi tek også
med at Elise Stette, dama med «likes-rekorden» hittil i 2015 på Velledalen IL
Facebook med 261 «likes», vann klasse 40-44 år på 52.42. Og vi nemner sjølvsagt
at dama til Svein Liaskar, Oddfrid, vann klasse 60-64 år på 56.23

Godt jobba alle saman!!

Neste løp i Ålesund er 12
des, då reknar vi med at Velledalen IL vert representert