Sterk Bjørnestad i Grimstadvatnet Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2015

Vinterkarusellen
på Hareid starta med Grimstadvatnet Rundt sist helg. Eit løp på 7,8 km melder
bladet Kondis. Velledalen IL var ikkje representert, men det var Per Inge
Bjørnestad frå Sykkylven SK. Per Inge leverte nok eit sterkt løp. Denne gongen
vart det 2.plass i klasse 40-44 år, og tredje plass totalt med tida 28.28

Dei tre beste
tidene:


 1.
  

 Olger
Pedersen, Hasundgot IL, 27.51


 2.
  

 Are
Uran, IL Havørn, 28.28


 3.
  

 Per
Inge Bjørnestad, Sykkylven SK, 28.28

Vi tek også
med at Konradløp-venen, Bjørn Arve Brune, deltok. Utøvaren frå Stranda IL vann
like godt klasse 50-54 år på tida 32.11, seks sekund føre Øystein Orten,
Hareid, IL.

Beste jente
uansett klasse vart Iselin Sundgot, Dimna IL, på tida 34.33

I helga
startar vinterkarusellen i Ålesund, noko vi kjem tilbake til.