Skyhøgt nivå på Bruna trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2015
Vi trur trimgruppa sin
statistikkførar, Nils Terje Skylstad, er ein glad mann om dagen. Glad fordi
alle ikkje går like tøft som dei mest trufaste utøvarane på Bruna trimpost. Då
hadde den godaste Nils hatt harde dagar. Men kjenner vi han rett hadde han
ikkje klaga – og han hadde meistra det – vi snakkar trass alt om ein
revisorutdanna. Ein fagmann!!
Vi tek av oss hatten – og burde
raka av oss håret – i respekt for den trott og det pågangsmot som ligg bak
prestasjonane på denne trimposten. Om ingen andre enn kvintetten på topp-5
lista gjekk til denne trimposten, hadde det utgjort 1998 turar. Tenk det! Noko
som hadde gitt andreplass bak Brunstadsætra. Bruna trimpost har
toppidrettskultur på motbakkegåing for mosjonistar. Legg ein opp, kjem straks
ein ny i tilgang. Vi minner om Idrettsgallaen 19. desember!!
På vegne av mannfolka
seier vi takk til Kjell Olsen!
TOPP-5 BRUNA TRIMPOST 2015:
554 turar: Inger Riksheim
516 turar: Ann Merete
Hjorthol
457 turar: Solveig Olsen
242 turar: Kjell Olsen
229 turar: Anita Mosby
Nakken
BRUNA TRIMPOST SISTE TRE ÅR:
2013: 3999 noteringar
2014: 4108 noteringar
2015: 4482 noteringar (ny rekord)
POSTRANGERING TRIMÅRET 2015:
1.
Bruna Straumgjerde – 4482 turar
2.
Brunstadsætra – 2866
3.
Dammen Riksheimdalen – 1629
4.
Vellesætra – 1310
5.
Sætreelva Holemarka – 1280
6.
Skogsvegen Fet – 1015
7.
Skogsvegen Hjorthol – 968
8.
Myrdalsfjellet – 752
9.
Regndalen – 433
10.
Skogsvegen Drabløs – 432
11.
Koppen – 414
12.
Hytta Brunstadkølen – 270
13.
Holetindane – 127
14.
Høgsætra Fet – 119
TRIMPOSTVINNARAR ETTER KJØNN I 2015:
Kvinner – Menn 8-7 (NB:
Uavgjort i skogsvegen Fet, difor 15 vinnarar på 14 postar)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024