Skyt for Rio i USA
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2015
Velledalen IL sponsa
Kristbjørg før jul i fjor. Ingen stor sum, men laget ville vise at vi
såg henne, og at vi fylgjer med på kva ho driv med. Langt fleire burde vore
opptekne av det – trass alt har vi med ein utøvar å gjere som har nådd
oppsiktsvekkande gode resultat på kort tid.
Norsk rekord.
Korleis er så stoda, og kva har Kristbjørg Dale Bolstad gjort siste året…? Ho
var i Hannover i månadsskiftet april/mai. Der sette ho tre sterke personlege
rekordar. På liggande skyting til og med norsk rekord. Den står enno, trass i
at landslaget har vore på tre World Cup-stemne etter dette
Landslagsleiinga imponert.
Men dette var ikkje nok. Kristbjørg fekk beskjed om
at dersom ho viste kvalitet éin gong til, kunne det bli aktuelt med deltaking i
eit Verdscup-stemne. Difor reiste 55-åringen ned til konkurranse på Austlandet
i juni. Nok ein gong med gode resultat. Landslagstrenaren var nøgd, og ville
arbeide for at Kristbjørg skulle få prøve seg i eitt av tre Verdscup – stemne denne
hausten.
Australia eller USA.
Det stod mellom Australia i september eller USA i november. Eigentleg
hadde Kristbjørg mest lyst til Australia, men er i dag glad det ikkje vart slik.
På grunn av mora sin sjukdom kunne ho ikkje reist dit, og som vi veit miste ho
mor si i haust. I ettertid er det lett å seie at det heldigvis vart USA - avreisedag 29. november.
Nytt utstyr.
Sjølv om Kristbjørg føler ho er litt på etterskot med treninga, etter ein haust
der tankane ofte har vore heilt andre stadar enn på sentrumsblinkar, treng
ikkje det vere eit «drawback» litt fram i tid. Ho har mellom anna nytt skytebord
som må skytast inn. I Fort Benning håper ho greie den siste kvalifiseringa til
Paralympics. Det held å greie kravet i éi øving, og Kristbjørg er optimist.
Ferie i Florida.
Jan – heldiggrisen – vert med på turen, og etter skytinga vert det ei
veke ferie i Florida, melder Kristbjørg.
Vis kløkt!
Somme trur sikkert at sponsorane spring etter Kristbjørg Dale Bolstad. Slik er
det diverre ikkje. Velledalen har aldri vore nærare med tanke på deltaking i
Paralympics, og det er no alle potensielle sponsorar kan vise at dei sit inne
med litt kløkt. Det har kosta Kristbjørg dyrt å kome dit ho er i dag. Diverre
er det ei kjend sak at tyngda av velgjerarane fyrst vaknar på «sigerens dag». Langt
færre ser verdien av å bli med på det langdryge og seige slitet føreåt.
Velledalen IL ynskjer Kristbjørg alt godt i USA.
Skulle skytinga gå skeis, så vert sikkert ferien brillefin.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024