Brubygging og trasérydding
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2015
Laurdag var det dugnad i
Ladalen. Hovudoppgåvene denne dagen var omlegging av løype i området ved Fjellsæter
Ungdomssenter og bygging av ny bru. Torgeir Vikstad mønstra på som bas, slik
han har gjort mange gonger før under ulike bruprosjekt.
Utanom Torgeir deltok
Steinar Myrseth, Fridtjof Fredriksen, Jo Sagli og Roy Even Dyb, i tillegg til
Svein Arne Nakken og Bård Per Erstad frå Velledalen IL si langrennsgruppe.
Det vert meldt at det vart
nytta traktor med vinsj og pallegaffel som erstatning for dei tyngste løfta.
Elles gjekk det i handemakt, motorsag, pluss enklare verkty til dekkelegging.
Brua vart i alle høve
staseleg, og vil ganske sikkert vise seg tenleg for skifolket alt før nyttår.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024