Tre VIL-medlemar spring i dag.

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Okt 2015

Vi kjem med resultat i
løpet av dagen. Sverre Gunnar spring i klasse 45-49 år i løpet som går i
området ved Ekebergsletta i Oslo. Tidlegare i haust vann han NM i maraton i
Trondheim i same klasse.
  Terreng –NM er
knappe fjerdeparten så langt (10 km), men vi trur Brunstadekspressen kan
vere kapabel til medalje i klassa.

Snipsøyrvatnet Rundt
  på Hareid er eit løp med lange tradisjonar. I dag vert løpet med start
på Bigset arrangert for 36. gong. Etter 12,5 kilometer går mellom andre Alf Petter
Bøe og Olaf Einar Øien i mål på Bjåstad, for dei som er lokalkjende.

Alf Petter spring i klasse
45-49 år, Olaf i klasse 70-74 år.

Velledalen IL ynskjer sine
tre «springarar» god form og lette føter !!