Idrettsmerkeprøve nr. 50 – susande flott Grethe!
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Okt 2015
Ho er over 66. Neste år
vert ho 70. Vi røper det, sjølv om mange kvinner helst ikkje snakkar om alder.
Grethe fortel til nettsida at ho starta som 17-åring. Då kan alle forstå at ho
har vore nokså jamn, som har nådd 50 godkjende prøver i ein alder av 69 år. Og
vi snakkar om éi prøve pr. år, om nokon var i tvil.
Rett etter prøvene var
over, kasta ho seg ut i «Folk i Farta-løypa». Der fullførte ho seks rundar - kvar på 750 meter - innan den tilmålte
tida på timen var over.
Og sjølv om det enno ikkje
er offisielt, kan vi fortelje at Grethe og Odd-Kåre delte fyrsteplassen på
trimposten skogsvegen Fet i 2015. Turtalet er uvisst, men truleg ein stad kring
300.
Jau, vi har spenstige
pensjonistar i Velledalen, ingen tvil om det!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024