Nytt tilbod: Pernille startar O-løp for born
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2015
Dette er eit tilbod
spesielt mynte på dei yngste, det vil seie både barnehageborn og yngre
skuleborn. Det er tinga ein pakke med materiell, som er litt usikkert om vil
dukke opp alt fyrstkomande onsdag.
Men uansett:
Oppstarten for prosjektet vert ONSDAG 14.
OKTOBER KLOKKA 18.00
Dette er eit tilbod for
alle. Ein treng ikkje vere medlem i Velledalen IL for å delta, og ein treng
heller ikkje bu i Velledalen eller Straumgjerde. Alle er velkomne. Pernille
Lervåg har vore i Danmark og kursa seg innan konseptet, og har stor tru på at
dette vil slå an.
PS: Finst det
småbornsforeldre – eller andre – som vil hjelpe Pernille med dette viktige
arbeidet, så nøl ikkje med å ta kontakt (direkte til Pernille eller gjennom
idrettslaget).
Opplegget vert innbaka i «Folk
i Farta» der vi som vanleg spør:
KOR MANGE METER LEGG
MEDLEMAR/SYMPATISØRAR AV VELLEDALEN IL BAK SEG I RUNDLØYPA (750 METER) PÅ DALEMYRA
I TIDSROMMET 18.00-19.00 ONSDAG 14. OKTOBER. (Sist greidde vi 72 000 meter
den aktuelle timen)
·
Gratis deltaking
·
Gratis saft og
frukt
·
Sal av kaffi/vaflar
·
Rabatt i
Velledalen Symjehall
·
Trekking av
premie mellom alle frammøtte
Arr:
Velledalen IL – i samarbeid med Velledalen symjehall og Velledalen grendahus.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024