«Folk i Farta»: 72 000 meter i timen
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Sep 2015
Vêret som møtte aktørane var regn, men med
behageleg temperatur var det ingen som klaga. Løypa som vert brukt går i
området Velledalen grendahus/Dalemyra stadion, og er 750 meter lang. 51 rundar
ved det fyrste arrangementet vart til 96 rundar i det andre. Som igjen betyr at
tilbakelagt lengd i løpet av den tilmålte timen frå 18.00-19.00 auka frå 38 250
meter til 72 000 meter. Ikkje langt unna ei dobling!
Eit veldig bra resultat
med tanke på at jobben vart gjort av 13 utøvarar. Takk til «Walk-and
talk-gruppa» som hjelpte oss med rekorden! I snitt la kvar frammøtt bak seg
over 5 500 meter – svært bra jobba!!
Her er namna på rekordsettarane onsdag 30.september:
Markus Olai Jensen
Isac Melendez
Pia Johansen
Åshild Kristoffersen
Mary Ann Drabløs
Sivert Mosby Nakken
Andreas Mosby Nakken
Anita Mosby Nakken
Svein Arne Nakken
Linn Tove Akselvoll Lade
Hanne Oline Ulset
Lene Katrine Hole
Per-Gunnar Holmberg
Funksjonærar: Alf Petter
Bøe og Atle Hole
Kaffi/vafler/frukt:
Kjærsti W. Haugen og Linda Øye
Premievinnar 30. sept: Andreas Mosby Nakken
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024