«Oslos bratteste» og Torvikbukt Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2015
I skrivande stund har «Oslos
bratteste» 4000 påmelde, og det er sett påmeldingstak på 4500. Med andre ord
det vi kallar massemønstring. Løpet er 2,7 km langt og har 407 høgdemeter stigning.
Starten skjer frå botnen av Wyllerløypa. Den er bratt, på same måten som
slutten er det. Men kring midtvegs skal løparane gjennom eit slakt parti på 550
meter der det faktisk går 34 høgdemeter nedover. Mål er på Tryvannstoppen. Vi
veit at minst to VIL-medlemar skal delta.
Torvikbukt Rundt går i
utgåve nummer 43 laurdag. Tradisjonsrikt løp, med andre ord. Lenger fartstid
enn alt det vi syslar med her i Sykkylven. Her stiller mellom andre Velledalen
IL sin friidrettsleiar til start. Som vi veit representerer han Rindal IL, eit
lag som jaktar troféet som går til beste femmannslag.
Send foto og meld inn
resultat til:
atlehole@online.no
Vi er interessert i
prestasjonar til alle sykkylvingar og gode naboar frå Stranda kommune.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024