Stor løpshelg i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Sep 2015

Mange skal springe i Oslo
denne helga. «3 for Alle» vert arrangert i dag (fredag). Og ja, tre kilometer
kan alle greie anten ein går, joggar sit i rullestol eller tek seg fram på
andre måter.

Men den STORE DAGEN er
laurdag, mellom anna med «10 for Grete», der dei med godt minne hugsar at
Torild og Eli Hole deltok i fjor. Det er halvmaraton, til og med med innlagt
NM. Der veit vi at fleire medlemar frå Velledalen IL stiller (er nervane under
kontroll, Jens Christian..?) Og det er full maraton. 42 195 meter under
namnet; Danske Bank Oslo Maraton – "idrettsprostitusjon "på sitt beste.