Velkomen til Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2015
I fylgje pålitelege kjelder
har Kjetil Fallingen og Monica Aure kjøpt Magne Nilsen sitt hus i Tregardane.
I dag er det vanleg at hus
skifter eigar med jamne mellomrom, og skulle der fyrst kome eit skifte, så har
ein idrettssprek og påliteleg kar flytta ut, medan ein sporty familie kjem inn.
Betre kan det ikkje bli.
I Velledalen er Konradløpet
målestokken på litt av kvart. Kjetil står med tre startar, Monica med to, viser
statistikken. Kjetil har tidene 16.35 (2013), 18.06 (2014) og 17.06 (2015). Med
tida 16.35 går han inn på fjerdeplass mellom dei fastbuande i Velledalen per
dato. Berre Kjell Magnar Berli (15.16), Nils Terje Skylstad (15.29)og Alf
Petter Bøe (15.39) er raskare. I tillegg er Kjetil Fallingen ein dugande
syklist.
Monica kjem frå ein
idrettsglad familie, mellom anna med eit par spreke brør. Så vidt vi veit er ho
den einaste som har mønstra eit eige familielag under stafetten Sykkylven Rundt,
der Monica sjølv hadde ein krevjande løps-etappe frå småbåthamna til
Sykkylvsbrua.
Velledalen IL helsar familien
velkomen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024