Årets trimpostsesong mot slutten
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2015
Velledalen IL driftar 14
trimpostar med sterkt varierande besøk. Mange er opptekne av når den gamle
sesongen sluttar og når den nye startar. Men det er det ingen som veit sikkert.
Ny bok betyr ny sesong.
Alle bøkene vert ikkje skifta same dag, men alle vert skifta i løpet av
haustferien. Så enkelt er det.
Det betyr at vi er inne i
siste månad av 2015-sesongen. Så skal poenga teljast og summerast. Somme stadar
er det avgjort for lenge sidan, på andre postar (eksempelvis Koppen og
skogsvegen Fet) vert det jamt til det siste.
Vi gjer merksam på at
Torje Bjørneseth er leiar av trimgruppa i Velledalen IL, men at Nils Terje
Skylstad framleis er trimpost-general.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024