Alperittet Sykkel på Stranda 5.september
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2015
For tredje helg på rad
dreg strandarane til med stort arrangement. Det vil seie; det er nokså uvisst
kor stort Alperittet blir med arrangementsdato helga etter Birkebeinerrittet.
Totalmenyen ser slik ut:
Alperittet Born: 2 km – start 12.00
Alperittet Ungdom: 8 km - start
12.00
Alperittet Konkurranse: 42
km – start 12.00
Slik gjekk det i 2014:
Då vart Sindre Kleive,
ÅOC, vinnar på tida 1.28.49. Allsidige Robert Sogge vart beste sykkylving på
fine 1.31.10. Like bak kom Per Steinar Linga på 1.31.21, medan Espen Utgård
Sæther vart tredje best frå det somme strandarar kallar «bøvelsbygda» med
1.35.26.
Kven som stiller frå
Sykkylven veit vi ikkje sikkert. Espen er mange hakk kvassare i 2015 enn i
fjor, og kan sikkert kjempe i teten. Det same kan Eldar Kurseth og Kjell Magnar
Berli, som vi veit stiller. Meldingane seier regn, som betyr sleipe forhold i
deler av løypa.
Om du ikkje tek turen til
Stranda og opplever rittet ved sjølvsyn, får du resultata i løpet av laurdag på
Velledalen IL si nettside.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024