Maraton-NM i Trondheim
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2015

Laurdag 5. september bør
du kike innom nettsida til Velledalen IL. Der får du nemleg ei oppdatering frå
NM i maraton, arrangert i Trondheim denne dagen.
Ikkje veit vi kor mange
lokale løparar som stiller, men vi veit at Sverre Gunnar Brunstad er på plass.
Og Brunstadekspressen vil på ein normalt god dag vere sterk medaljekandidat i
klasse 45-49 år. Men nivået er høgt – truleg må han langt ned på 2.40-talet.
Kjenner du nokon som
deltek i Trondheim laurdag, så tips oss gjerne (atlehole@online.no). Arrangementet har
kortare distansar enn heilmaraton, både milløp og halvmaraton er alternative
distansar.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024