Flotte lokale prestasjonar i Jordbærdilten

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jul 2015

Jordbærdilten er litt etter same lest
som Konradløpet. Hovudløpet vert
annonsert som 3,2 kilometer, men ifylgje Svein Nakken er det korrekte 3,26
kilometer.

Nok om det. I dag starta det heile med
to felt i MINIDILTEN. Fyrst klassene 2-5 år som sprang 300 meter, etter det
6-10 år som sprang 600 meter. Av dei 73 som deltok her, var mellom andre Henrik
og August Bjørnestad.

45 minutt etter fyrste start i
Minidilten, gjekk hovudløpet. Her la 203 deltakarar ut frå startstaden i
sentrum. Av desse 146 i trimklassa. Tek vi ikkje mykje feil hadde vi ei
Skogvold-taus med opphav frå Velledalen i feltet. Elles så deltok dei tre
Nakken-gutane og Per Inge Bjørnestad i løpet.

Her
er resultata frå konkurranseklassa:

Gutar
15 år og yngre:

14.plass: Delt mellom Sivert og Andreas
Nakken. Tid: 16.11

Vinnar av klassa vart langrennsløpar
Åsmund Ertresvåg Jacobsen, Emblem IL, 12.33

Menn
senior:

8.plass: Per Inge Bjørnestad, Sykkylven
SK. Tid 11.34

20. plass: Svein Arne Nakken,
Velledalen IL. Tid 13.48

Vinnar av klassa vart Iver Matias Linge
Glomnes, Valldal IL, 10.15

DELTAKAROVERSIKT:

Minidilten: 73

Konkurranseklasse: 57

Trimklasse: 146

Totalt:
276

Resultat 2015 her