Stor trafikk til Brunstadsætra

    Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jul 2015

    Inger Anne
    Brunstad er ganske klart i føringa på denne posten som alt er godt i gang med
    den andre trimboka. Ingen post synest så uviss ved sesongslutt med omsyn til
    topp-5, som nettopp Brunstadsætra. Mange går dit – relativt ofte. Ein tur som
    gir fire trimpoeng.

    Her får du
    stoda på posten Brunstadsætra fredag 24. juli klokka 20.00:

    122 turar: Inger Anne Brunstad

    85 turar: Veronika Ulriksen

    81 turar: Arnhild Linga

    61 turar: Torhild Skogvold

    52 turar: Susann Osnes

    52 turar: Magnus Ødegård

    50 turar: Frode Værøy

    48 turar: Arnt Brunstad

    47 turar: Linda Kristin Øye

    45 turar: Andrea Berge Kastellet

    42 turar: Oddhild Ødegård

    37 turar: Alf Petter Bøe

    35 turar: Alva B Leirmo

    Tett som hagl
    og stort spenn i alder. Frå sprekingen Magnus Ødegård på godt over 80 år til
    purunge Alva Leirmo. Som ein ser kan mannfolka stå i fare for å bli skubba ut
    av topp-5, men mykje kan skje på ca 70 dagar.