Himla hundeliv på trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2015

Mange hundar
noterer seg i trimbøkene. Eller for å vere meir korrekt; hundeeigarane noterer
namnet på hunden. Og det er flotte greier. Det er nemleg viktig at den
firbeinte får lufte seg, til liks med eigaren. Kanskje kan VIL ta opp saka på
neste styremøte, om vi i sesongen 2016 skal ha eigne hundeklasser på nokre av
postane….? Litt ekstraarbeid, javel, men marknaden er der.
Her får de i
alle høve topp-4 skogsvegen Hjorthol 22.juli klokka 20.30. Og det dreier seg
altså om hundar – og merk; det er damene som går tur med hundane i Velledalen:
35 turar: Felix (Ruth Øxnevad)
31 turar:
Wilma (Evelyn Holmberg)
27 turar:
Bianca (Eldrid Myhre)
11 turar: Tira
(Hanne Ulset)
Der var fleire
firbeinte i boka, men minstekravet for å bli gjort stas på er ti turar!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024