Mefjellet Opp vert arrangert sundag 19.juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2015
Mefjellet Opp vert
arrangert komande sundag. Starten går frå Fjørå, så å seie i sjøkanten.
Mosjonistane kan starte i tidsrommet 10.00-11.30, og desse kan om dei vil
starte frå Hauge, noko som nære på halverer turen.
Konkurranseløparane har
start klokka 12.00, med sekk på to kilo som naudsynt fylgjesvein. Arrangøren
byr på ikkje mindre enn fire drikkestasjonar i den sju kilometer lange løypa
med 1100 høgdemeter stigning.
Torsdag 16. juli klokka
12.00 hadde løpet 24 påmelde i konkurranseklassa –
ingen av desse
frå Sykkylven
kommune.
PS.
Helga etter
Mefjellet Opp stårJordbærdilten i
Valldal og Hornindal Maraton (også med kortare distansar) på programmet. Det
kjem vi tilbake til.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024