Halvårsrapport Velledalen IL 2015
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2015
JANUAR:
·
Velledalen IL
gjekk inn i året 2015 med 222 «likarar» på Facebook
·
Arrangerte sin
årlege «Idrettsgalla i Velledalen grendahus med ei rekkje prisutdelingar.
Mellom anna vart Marit Hole kåra til «Årets VIL-kvinne».
·
Tomrefjord IL og
Vistdal IL arrangerte dei fyrste KM-renna i langrenn i 2015 utan deltakarar frå
Sykkylven kommune.
·
28.januar vart
det fyrste rennet (av fem) i nyvinningen Fjellsæter-Cup arrangert i den nye
lysløypa i Ladalen. Arr: Sykkylven IL og Velledalen IL
·
Svein Arne Nakken
representerte Velledalen IL i Stenfjellrunden (800 delt.), og gjorde sakene
sine godt nok til å bli premiert
FEBRUAR:
·
Fyrste veka i
februar køyrde Håkon Fedt opp skiløype til barnehage og skule i Velledalen med
Terje Aurdal sin snøscooter
·
Påmeldinga til
Konradløpet på nett kom i gang heilt i starten av månaden. Raskast ute med
påmeldinga denne gongen var Terje Langelo og Mari Skoglund
·
Sju personar
møtte på Velledalen IL sitt årsmøte. Styret for 2015: Atle Hole (leiar), Marit
Hole, Rolf Haxthow (sekr.), Ove Skylstad (kass.), Karstein Magne Jensen, Håkon
Fedt og Linda K Øye. Gruppeleiar langrenn: Svein Arne Nakken. Gruppeleiar
friidrett: Alf Petter Bøe. Gruppeleiar trim: Torje Bjørneseth (valt seinare).
·
Årsmøtet i
Velledalen IL vedtok å gi nye 25 000 kroner til lysløypa for langrenn i
Ladalen. VIL har dermed gitt 75 000 kroner til prosjektet
·
VIL-trioen Karstein
Magne Jensen, Kjell Magnar Berli og Svein Arne Nakken deltok – og hevda seg
godt – i turlangrennet Furusjøen Rundt i Gudbrandsdalen i midten av februar.
·
Fjellsæterrunden
vart arrangert 22. februar. Håkon Fedt best i bedriftsklassa (40.48), Alf Petter
nummer tre. Kjell Magnar best frå Sykkylven kommune i hovudrennet – vart klassevinnar
i 26-30 år på 1.10.27. Svein nr 2 i klasse 46-50 år på sterke 1.12.15. Terje Aurdal
nummer tre i klasse 61-65 år.
·
24. februar
passerte æresmedlem Bjørg Frøystad Hole 60 år. Nokre dagar seinare nådde VIL-sekretær
Rolf Haxthow same alder.
·
Emma Olin
Holmberg representerte Velledalen IL under Alperittet på Stranda, og vart nr.
tre i klasse 15-16 år. Andre lokale deltakarar: Maria Fet, Eivind Fet, KK
Brunvær
·
Tredje rennet i
Fjellsæter-Cup talde som Bygdameisterskap i langrenn. Av 55 utøvarar deltok
fylgjande for Velledalen IL: Vilde Fet Rasdal, Pernille Linga, Johannes Linga,
Andreas Mosby Nakken, Sivert Mosby Nakken, Svein Arne Nakken, Kjell Magnar
Berli, Håkon Fedt, Ole Jakob Sandvik, Karstein Magne Jensen og Einar Fet.
MARS:
·
Svein Arne Nakken
vart nr 761 (av ca 15 000) i Vasaloppet på tida 5.34.38
·
Fjerde rennet i
Fjellsæter-Cup langrenn vart arrangert med 36 deltakarar
·
Eldrid Myhre
gjekk FredagsBirken på 5.35.54 under vanskelege forhold, og vart nummer 69 i
klasse 40+.
·
Torild Hole vart
historisk – då ho så vidt vi veit – vart fyrste kvinne i VIL sitt
medlemsregister som nokon gong har fullførte ein heil maraton til fots. Løpet
gjekk i Roma, og Torild kom inn på i overkant av seks timar.
·
Velledalen IL
hadde tre løparar med i Birkebeineren sitt hovudrenn. Karstein Magne Jensen:
5.11.21. Svein Arne Nakken: 3.09.17. Kjell Magnar Berli: 3.03.33 (klubbrekord
for Velledalen IL).
·
Siste rennet i
Fjellsæter-Cup langrenn vart arrangert 25.mars med 34 deltakarar.
·
Det Store
Folkerennet vart arrangert Palmesundag (29.mars) med 71 born og 45 vaknse,
totalt 116 deltakarar.
APRIL:
·
PåskeKonrad samla
seks deltakarar under vanskelege forhold. Roger Malvin raskast.
·
Sverre Gunnar
Brunstad sette ny personleg bestetid under Berlin-maraton. Tid: 2.42.07
·
Hilde Riksheim
Tandstad og Alf Petter Bøe sesongdebuterte med 3.plassar. Hilde sprang
Sognsvann Rundt Medsols på 13.02, medan Alf Petter Bøe gjorde unna Valderløpet
(8,7 km) på 35.10.
·
Hilde RT og Rolf
Haxthow sprang det ti kilometer lange Sentrumsløpet i Oslo. Hilde debuterte på
10 km på sterke 43.47, medan Rolf gjorde fine – til 60-åring å vere – 49.06
·
Solid ny
deltakarrekord under MiniKonrad. 128 utan tidtaking, 34 med, gav samla 162
deltakarar.
MAI:
·
334 deltakarar
under Konradløpet sitt hovudløp med start 05.00 1.mai. Jan Ketil Vinnes (14.55)
og Anna Elise Ullavik Sylte (17.54 – ny rekord) var raskast
·
Konradløpa 2015
samla totalt 511 deltakarar (ny rekord), etter denne fordelinga: SlovakiaKonrad
2, PåskeKonrad 6, OsloKonrad 7, MiniKonrad 162, Hovudløpet 334.
·
Kjell Magnar
Berli tok sterk tredjeplass under motbakkeløpet Eikenosa Opp 2.mai.
·
Andre helga i mai
deltok Velledalen IL med lag i klasse A1 (miksa lag med fleirtal menn) i
Holmenkollstafetten i Oslo. Laget vart nummer 79 av 1698 lag i klassa med tida
1.07.40 (premietid. 1.13.00). VIL mønstra dette laget frå fyrste til siste
etappe: Hilde Riksheim Tandstad – Oskar Johan K. Hole – Rolf Haxthow – Alf Petter
Bøe – Roger Malvin Hole – Håkon Fedt – Njål Torillson Tyssing – Kjetil Sætre - Karstein Magne Jensen – Kjell Magnar Berli – Sverre Gunnar Brunstad – Berit Emdal
– Anders Wigdahl – Andrea Berge Kastellet – Mathilde Sofie K. Hole.
·
Koldabakken Grand
Prix samla ny deltakararrekord 25.mai. 13 sprang på tid, 17 i mosjonsklassa
under sleipe forhold. Kjell Magnar (1.34) og Andrea (2.05) raskast. Gratis
sveler, saft og kaffi til alle etter løpet.
·
Jo Andre Tandstad
og Olaf Øien gjorde ein fin figur under Varden Opp med start i Langevåg. Olaf var
åleine i klasse 70+
·
Hilde RT vart
nummer fem av 750 under «I form-løpet» i Oslo.
JUNI:
·
Opna med
kraftprøva i Geiranger der Velledalen IL var representert med fire utøvarar:
Olaf Einar Øien nr 2 i kl. 70+ på 3.05.56 (Nibbeløpet 21), Svein Arne Nakken 2.24.26
(ny pers – Nibbeløpet 21), Sivert Mosby Nakken 24.46 (ny pers –Nibbeløpet Mini),
Andreas Mosby Nakken 24.55 (ny pers – Nibbeløpet Mini)
·
Odd Lennart Lien
gjekk Nibbemarsjen 21 i Geiranger
·
Gladsak om
konradkrus til Elise Stette gav facebook-rekord med utruleg 261 «likes».
·
Kjell Magnar
Berli formtesta seg under Ålesund Sommarkarusell – fekk andreplass på fem
kilometer.
·
Våre tre utøvarar
tok tre merke på tre startar under Birkebeinerløpet – susande flott: Tider:
Kjell Magnar Berli 1.28.16, Roger Malvin Hole 1.37.59, Jens Christian Hole
1.39.50
·
Velledalen IL tok
over ansvaret for Tomasløpet (Opp på Bruna) i Straumgjerde. Av vel 70
deltakarar sprang 17 på tid – 13 menn og fire kvinner. I løpet på tid var VIL
representerte med: Håkon Fedt, Svein Arne Nakken, Andreas Mosby Nakken, Jo
Andre Tandstad og Torild Hole. Espen Strøm Grebstad (20.26) og Marianne Fløttum
(25.18) hadde bestetider
·
Alf Petter Bøe
sprang to etappar på Rindal IL sitt lag i St. Olavs stafetten
·
Det sportsleg
halvåret ebba ut med at Emma Holmberg sykla Lillehammer –Oslo og at Henrik
Johan Holmberg hoppa 206 cm i høgde på Byrkjelo.
·
Velledalen IL har
i fyrste halvår 2015 gått frå 222 til 271 som likar Facebokk-siad vår
·
Velledalen IL har
i fyrste halvår 2015 fått 7 934 grasrotkroner
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024