FØRJULSMESSA 2015 – OK, meld deg på!
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2015
Førjulsmessa 2015 vert
arrangert i Velledalen grendahus 14. og 15. november. Det er ikkje sendt ut
innbyding eller annonsert om påmelding. Det einaste som hittil er ordna er at Velledalen
grenduhus er tinga den aktuelle helga. Og at Tove Blindheim for lengst er
ferdig med ein staseleg juleduk som skal vere hovudvinsten på loddbøkene.
Siste tida har det likevel
vore eit solid renn av personar som vil melde seg på, og vi har no opna for
påmelding. Men vi vil på det sterkaste presisere:
PÅMELDING BETYR IKKJE AT EIN AUTOMATISK FÅR PLASS.
Den avgjerda vert teken
seinare av arrangørlaga.
PÅMELDING:
Men meld deg gjerne på. Prisar på standleige er ikkje spikra, men store
endringar blir det ikkje (450,- pr. dag for største standane i 2014- gratis
mat/kaffi til utstillarane) Send påmeldinga di til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761.
FØREBELS STÅR DESSE NAMNA PÅ LISTA:
·
Sølvi Slyngstad - Stranda – begge dagar
·
Best Spekemat - Hareid – begge dagar
·
Tove Blindheim - Velledalen – begge dagar
·
Solveig Hopland - Velledalen/Stryn – begge dagar
·
Terje Aurdal - Sykkylven – begge dagar
·
Arnhild Vik - Ulsteinvik – begge dagar
·
Britt Mathisen - Drammen – begge dagar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024