Storspringaren Fredrik – av Bøtel-slekt….?

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jul 2015

Fredrik Framhus Hole
Drabløs vart nummer 17 i Hellesyltløpet sist laurdag, på tida 23.58.

Somme vil knappast leggje
merke til slikt. Medan andre med kunnskap på feltet, eksempelvis fridrettsleiar
Bøe i Velledalen IL, straks sperrar opp augo.

FORDI: Hellesyltløpet har
utvikla seg til å bli Sunnmøre sitt kvalitetsløp nummer ein. Sjølv om Fredrik
vart nummer 17, var han tredje beste sunnmøring i løpet. Dei øvrige som slo
Herd-utøvaren kom frå Strindheim (1) og Lyn Ski (13). Tida 23.58 på 6,6 km i
tung løype, betyr at han er god for under 15.30 i Konradløpet.

VIL-Nett veit ikkje mykje
om utøvaren Fredrik som har markert seg som eit friskt pust i fleire løp denne
sesongen. Men namnet kan tyde på at han er av Bøtel-slekt. Vi veit at
konkurranse-instinktet i denne slekta eksempelvis var framifrå i hesteskokasting
i si tid, så kvifor ikkje ein storspringar….

Sidan vi ikkje har foto av
Fredrik Framhus Hole Drabløs, tek vi med bilde av ein ung straumgjerding i
aksjon på Hellesylt laurdag. Og det er unge Håkon Lillebø Høidal (nr. 107) som
jaktar på startnummer 20, Lone Ringdal, Sunnylven IL. Håkon brukte 8.42 på
turen rundt den 1560 meter lange løypa i sterk sommarvarme. Godt jobba, Håkon!!