HENRIK HOLMBERG TANGERTE JOSTEIN FLO SIN PERS
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2015
Bilete frå Høgdegallaen Vik i Sogn 2015
Under eit
friidrettsstemne på Byrkjelo i helga tangerte Henrik Johan Holmberg den
personlege rekorden til Jostein Flo. Etter å ha rive 2 gonger på 2 meter flytta
Henrik lista opp til 2,06 og gjekk over i fyrste forsøk. Deretter hadde han 2
gode forsøk på 2,11, men det lukkast ikkje denne gongen i jakta på å slå
fylkesrekorden på 2,10. «Den 40 år gamle rekorden skal ryke i løpet av
sesongen» seier Holmberg. Ikkje sidan 1983 har det vore hoppa så høgt av
utøvarar frå Sogn og Fjordane. Då gjekk Jan Rune Hetle frå Breimsbygda og
brørne Kjell Rune og Jostein Flo frå Stryn over 2,06m. Det er 32 år sidan.
UTTEKEN TIL UNIVERSIADEN I SØR-KOREA – VERDAS STØRSTE IDRETTSARRANGEMENT I 2015
Henrik har halde seg
skadefri og fått trent godt i heile vinter. Han er utteken til Universiaden i
Gwangju i Sør-Korea 8. – 12. juli. Dette er verdas største idrettsarrangement i
2015 med vel 13.000 deltakarar. I friidrett har Noreg høve til å ha med 2 i
kvar øving, og Henrik Johan er den eine av 2 som skal representere Noreg i
mangekamp. I omfang er Universiaden snart like stort som OL, med eigen
deltakarlandsby og eigne hus for dei norske deltakarane.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024