Fleire kjenningar i St.Olavsloppet
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jun 2015

Som før meldt spring
Alf Petter Bøe denne stafetten for
Rindal IL 3. Onsdag vart han nummer 38 av 211 løparar på etappe nummer sju, frå
Stjørdal til Framnes.
Bøfjorden sin største son
i Velledalen har meldt tilbake til nettsida at han har observert både
Knut Anders Hatlen (strandar busett i
Trondheim) og
Abdulaziz Ibrahim (frå
Eritrea, men spring for Strindheim) mellom deltakarane. Og det litt pussige er
at nettopp desse to karane har dei to beste tidene gjennom 15 år med Konradløp.
Ibrahim har løyperekorden på 14.11 (sett i 2013), medan Hatlen gjorde 14.48 i
2012.
Tips oss gjerne om du veit
om andre lokale heltar i aksjon. Dei 17 siste etappane av St. Olavsløpet går
laurdag 27. juni, og samla lengde er 338,9 kilometer
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024