Espen vann Tomasløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2015

Espen Strøm Grebstad
 ….. du smakar liksom på namnet og spør deg sjølv: burde eg kjenne den
karen…? Kva er opphavet hans..?

Her skal du få nokre få
knaggar. Han er son til Bjørg Iren Strøm, oppvaksen i Velledalen. Faren heiter
Jan Ove Grebstad. Guten har sprunge før. Eksempelvis under Konradløpa i 2015.
Han vart best av samtlege og vann Minikonrad, medan han nokre timar seinare
gjorde unna hovudløpet på 17.46. Berre dagar før han vart konfirmert.

Kampen om sigeren i
Tomasløpet stod mellom
  Per Inge
Bjørnestad (15.32 i Konradløpet 2015) og Espen Strøm Grebstad. Opp siste
bakken seig ungguten forbi. I mål fekk Espen registrert tida 20.26, Per Inge
20.27. Dei hadde over minuttet ned til
  Håvard
Ulla Linga (21.38) på tredjeplass.
  Håkon
Fedt vart best av VIL sine løparar med tida 22.07. Viser elles til
resultatlista som syner fin innsats av dei øvrige VIL-medlemane; Olaf Øien,
Svein Nakken, Jo Andre Tandstad, Andreas Nakken og Torild Hole.

Per Inge Bjørnestad håper
vi få med oss til Holmenkollstafetten i 2016. På det laget er også Espen Strøm
Grebstad kvalifisert om han vil. Garantert ei oppleving både for veteranen og
ungguten.

Marianne Fløttum
  fekk beste dametid med 25.18. Skam å innrømme det, men om henne er vi
heilt totalt blanke. Har nokon utfyllande opplysningar…?

Elles var mannen med 498
maratonløp (flest i landet), ungkaren Inge Asbjørn Haugen, med å kasta glans
over den fyrste utgåva av Tomasløpet. Hardhausen driv seg sjølv knallhardt, og
kom til Straumgjerde direkte frå ei anna kraftprøve. Vi håper Supermann finn ro
i sjela når han har passert løp nummer 500, på heimebane i Hornindal i sommar
må vite !!

Med andre ord:

Fin start for Tomasløpet. Vekstpotensialet er stort. I 2016 skal vi passere 100
deltakarar – GARANTERT – om så Svein Arne Nakken skal bere opp dei siste ti!!!