Tomasløpet – slik gjekk det i fjor

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2015

Fyrst av alt. Med nytt
namn, godt vêr og sterkare fokusering på mosjonsklassa, ventar arrangøren ny
deltakarrekord i dag. Verken meir eller mindre. Flotte premiar bli trekte
mellom mosjonistane, i tillegg til at alle deltakarar (både mosjon og
konkurranse) vert premiert med rabattkort på 30 prosent på Sport 1/Fokus Sport
i Sykkylven.

Vi har sett litt på
korleis det gjekk i fjor – i 2014. Då kom ein herremann frå Volda, Håvard
Myklebust, og tok heile kaka på den sterke tida 18.22. Nærast han kom
velledalingane sin store son, Kjell Magnar Berli, med purunge Håvard Ulla Linga
på tredjeplass. Kari-Anne Tryggestad Ryste, som representerer Sunnylven IL men
bur i Ålesund, var raskaste kvinne. Og alle tre Nakken-karane persa, med «gamlefar»
Svein som den beste, men det går ikkje mange åra før sønene pustar han i
Nakken. Men det skjer ikkje i 2015.

Her er nokre utvalde tider frå herreløpet 2014:

18.22: Håvard Myklebust

19.02: Kjell Magnar Berli

20.47: Håvard Ulla

21.00: Espen Utgård Sæther

21.01: Per Steinar Linga

21.39: Glenn Tafjord

22.23: Svein Arne Nakken

26.31: Sivert Nakken

27.01: Andreas Nakken