St. Olavsloppet nærmar seg – Alf Petter er klar
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2015
Rindal IL må mest kallast
ei lokal stormakt innan løp. Laget stiller fire lag og 130 utøvarar i St.
Olavsloppet som vert arrangert i tidsrommet 24.-27. juni. Starten går frå
torget i Trondheim, med målgang i svenske Østersund.
Stafetten er lang. 340
kilometer høyrest mykje ut, men når Bøe seier dei vert porsjonert ut på over 50
etappar med faste vekslingspunkt, vert det straks litt mindre skremande.
- Kor langt skal
VIL sin friidrettsleiar springe?
- Litt usikkert
enno, men truleg to etappar, ein opningsdagen 24. juni og ein dagen etter.
- Finst det ei
grense for kor langt eller kor mange etappar same løpar kan springe?
- Ja, ingen kan
springe lenger enn 42 km.
Velledalen IL ynskjer Alf
Petter hell og lukke på turen, men før den tid skal motbakkeløpet «Opp på Bruna»
arrangerast, med start frå Bunnpris i Straumgjerde sundag 21.juni
- Og der ventar vi
god deltaking frå personar i nærområdet, som vil seie heile Sykkylven kommune.
Eg kan på det varmaste anbefale trimklassa vår for dei som ikkje vil teste seg
sjølv med tidtaking. Svak deltaking dette året betyr faktisk at arrangementet
vert lagt ned frå vår side, seier ein travel friidrettsleiar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024