Birkebeinerløpet – Kjell Magnar i eliten
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2015
Komande
laurdag spring Kjell Magnar Berli (elite), Jens Christian Hole (30-34 år) og
Roger Malvin Hole (45-49 år) det 21 kilometer lange Birkebeinerløpet på
Lillehammer. Alle tre har merkekravet som mål. Absolutt realistisk, då alle tre
har greitt det tidlegare.
Slik startar våre:
10.00: Kjell
Magnar Berli (elite) – startnummer 159
10.40: Jens
Christian Hole (30-34) – startnummer 4073
10.50: Roger
Malvin Hole (45-49) – startnummer 5069
Andre:
10.20:
Torstein Hole (55-59 år) – Emblem IL, startnummer 2066
11.20: Oda
Alette Kjellsbøl Hole (K 18) – Gjelleråsen IF, startnummer 8081
11.45:
Mathilde Sofie Kjellsbøl Hole (K16-17) – Gjelleråsen IF, startnummer 13046
Vi nemner at
Volda Turn &IL er klart størst på Sunnmøre i deltaking. Søkjer ein på Volda
i startlista kjem det opp 19 namn. Elles er ei rekkje klubbar representerte.
Velledalen IL er det einaste idrettslaget i Sykkylven kommune som sender
deltakarar.
Tips oss
gjerne om utflytta sykkylvingar som deltek, det set vi pris på. Send til:
atlehole@online.no
917 43 761
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024